header

Nyhende

Kvam Næringsråd søkjer dagleg leiar

2026 bilde utlysingstekst fra arbeidsplassen no til heimeside

Søknadsfrist 30. januar, sjå full utlysing www.arbeidsplassen.no

07. januar, 2026
Kvam Næringsråd er ein medlemsstyrt interesseorganisasjon for næringslivet i Kvam. Me skal bidra til ei nærings- og samfunnsutvikling i Kvam som gjev gode tilhøve for å drive næring og vere ein relevant samfunnsaktør. Kvam Næringsråd har om lag 90 medlemsverksemder, med 1.200 årsverk og omsetning i overkant av 4 milliardar kroner.

Arbeidsområde dagleg leiar
√ Samordna arbeid for å skapa gode rammevilkår for næringslivet
√ Gjennomføre aktivitetar i samarbeid med styret, som
                - medlemsmøte
                - informasjonsdeling
                - pressearbeid
                - høyringsuttaler
                - talerøyr for næringslivet i politiske saker
                - vervearbeid
√ Samarbeid med mange, inkludert Næringsalliansen Vestland
√ Sakshandsaming og førebuing til styremøte
√ Ansvar for økonomi og rekneskap
 
Personlege eigenskapar og kompetanse
√ Relevant utdanning og røynsler
√ Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
√ Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
√ Strategisk kompetanse
√ Prosjektkompetanse

Oppdraget er deltidsbasert. Målform er nynorsk. Fleksibelt i høve arbeidsstad og heimekontor. Løn etter avtale.
Kontakt Styreleiar Tone Søgaard Tlf. 915 53 338 for nærare opplysningar.
Send søknad til post@kvamnr.no