header

Vedtekter

Vedtekne på årsmøtet 19.03.2019

§ 1. FØREMÅL OG OPPGÅVER.
Kvam Næringsråd (KNR) er ein medlemsorganisasjon som skal arbeida for å skapa gode rammevilkår for næringslivet i Kvam og med særleg vekt på å gje tenester til medlemene.

§ 2. MEDLEMER.
Medlemer kan vera firma, privatpersonar og organisasjonar med tilknyting og interesse for næringslivet. Inn- og utmelding  skal vera skriftleg og trer i kraft straks slik melding er gjeven. Medlemsskapet vert oppheva dersom årskontingent ikkje er betalt etter 2 purringar.

§ 3. ÅRSMØTET.
Årsmøtet er laget sitt høgaste organ. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars månad og innkalling og sakliste skal sendast ut seinast 3 veker før møtet. Rekneskap og årsmelding for føregåande år og andre sakspapir skal sendast ut seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet er vedtaksført når innkallinga er gjort i samsvar med vedtektene og styreleiar eller nestleiar er til stades. Saker som medlemene ynskjer å ta opp på årsmøtet må vera styret i hende seinast 31. januar.
Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret eller 20% av medlemene krev det.
Årsmøtet skal handsama og gjera vedtak i desse sakene:
Godkjenna innkalling og sakliste.
Velja møteleiar og referent.
Val av 2 personar til å underskriva møteboka.
Årsmelding og rekneskap for føregåande år.
Kontingent for komande år
Rettleiande budsjett og handlingsplan for komande år.
< >Styreleiar for eitt år.
Styremedlemer for to år
Nestleiar i styret for eitt år.
Nummererte varamedlemer til styret for eitt år.
Val av revisor for eitt år
Valnemnd til neste årsmøte
Fastsetjing av eventuell instruks for styre og revisor.
 
§ 4.  STYRET.
Styret har 5 medlemer og 2 varamedlemer. Medlemene i styret bør ha geografisk spreiing, representera ulike bransjar og skal ha representantar for begge kjønn.  Minst 3 av styret må vera til stades for at styret kan vera vedtaksført, ein av desse leiar eller nestleiar. Fungerande styreleiar har dobbeltrøyst ved likt stemmetal. Styret held møte når styreleiar eller 2 styremedlemer krev det og det skal førast referat frå styremøta.
Leiar i styret vert vald for 1 år om gongen og andre styremedlemer for 2 år. Nestleiar vert vald mellom dei andre styremedlemene med slik funksjon for 1 år. Varamedlemer vert valde for 1 år i nummerert rekkefylje.
Styret tilset dagleg leiar i KNR som skal ha sitt ansvarsområde fastsett i eigen instruks. Styret skal også, i tett samarbeid med dagleg leiar, laga handlingsplanar, leggja planar for dagleg drift, økonomistyring og førebu saker som skal opp på årsmøtet.

§  6. NEMNDER OG UTVAL.
Valnemnda skal ha 3 medlemer med funksjonstid på 3 år. Etter forslag frå årsmøtet skal det kvart år gjerast val av ein ny medlem i valnemnda. Styret kan elles setja ned særlege nemnder og utval for å arbeida med saker som har interesse for KNR. For å sikra god kontakt med styret bør minst ein styremedlem vera med i kvar slik nemnd. Årsmeldinga bør innehalda opplysningar om arbeidet i nemndene.

§ 7. VEDTEKTSENDRINGAR.
Endringar i vedtektene kan berre gjerast med 2/3 fleirtal av dei oppmøtte på ordinært årsmøte etter at framlegget til vedtektsendring er sendt ut til medlemene saman med årsmøtepapira.

§ 8 .  EKSTRAORIDNÆR TILHØVE.
Dersom det skulle oppstå tilhøve i KNR som desse vedtektene ikkje dekkar, skal desse handsamast etter det som er fastsett i aksjelova.

§ 9. OPPLØYSING AV LAGET.
Forslag om oppløysing av laget må fremjast skriftleg før årsskiftet, men kan berre behandlast av ordinært årsmøte og krev ¾ fleirtal av dei oppmøtte med røysterett på årsmøtet. Etter at oppløysing er vedteken kan årsmøtet med simpelt fleirtal avgjera korleis eventuell aktiva i laget skal nyttast.

 

Kontakt

Post- og besøksadresse:
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
 
icon-phone         Tlf: 913 47 997

icon-mail       knr@kvamnet.no