header

Om Kvam Næringsråd

Kvam Næringsråd har teke mål av seg å øva innverknad på utvikling av næring og samfunn i Kvam i ei retning som kan gje auka vekst både i arbeidsplassar og innbyggjarartal. Det er eit ambisiøst mål, og for å dette til treng vi breidast mogeleg oppslutnad frå næringslivet. Eit høgt medlemstal gjev tyngde til dei utspel vi gjer og dei saker vi engasjerer oss i.

Ved å bli medlem i Kvam Næringsråd kan du sjølv også få innverknad på mange saker. Gjennom møteverksemd og e-post held vi kontakt med medlemene og får tilbakemelding om korleis Kvam Næringsråd skal stilla seg til aktuelle saker. Vi kan visa til fleire saker der påverknad frå Kvam Næringsråd har gjeve godt resultat.

Vi ber deg no å vera og visa at næringslivet i heile Kvam kan samarbeida; snu ein situasjon som har vore prega av stagnasjon og bygdestrid og heller fokusera på alt det positive Kvam har å by på. 
Vi i styret trur at Kvam Næringsråd kan bidra til å skapa det nettverket innan næringslivet som trengst for å skapa samhandling og vekst.

Kvam Næringsråd er no det kontaktpunktet som Kvam Herad vil bruka mot næringslivet. Vi vil verta ein høyringsinstans i mange saker og få påverknad på t.d reguleringsplanar og arealdisponering. 
Vil du ha innverknad, - så bli med!

 

Kontakt

Post- og besøksadresse:
Sjusetevegen 27
5610 Øystese
 
icon-phone         Tlf: 913 47 997

icon-mail       knr@kvamnet.no